Dyrsku’n 2013

DYRSKU’N 13.- 15. september 2013
– ein fargerik folkefest

Dyrsku’n – Noregs største landbruksutstilling

Av og til held salsbodane nesten på å blåse bort. Men det er det same. Om det regner og bles, eller om sola varmar frå klar, blå himmel: Dyrsku i Seljord blir det kvart år.
Noregs største landbruksutstilling lokkar titusenvis av folk. Gode tilbod, nye produktlanseringar, husflid og handverk, folkekultur og folkeliv, gjer at folk strøymer til.

Dyrsku’n er den store, årlege møteplassen for folk og fe. Her møtest alle, familie og venner, bønder og entreprenørar, hesteoppdrettarar og handverkarar, handelsmenn og produsentar. I snart 150 år har det kome kremmarar frå inn- og utland til den vesle bygda Seljord.
Det starta i 1866, der Telemarkskua var sentral. Den fine, vesle fjellkua blei vist fram, premiert, og kanskje seld vidare, under den årlege kvegutstillinga på Dyrskuplassen. Snart kom andre handelsmenn til. Dyrsku’n blei ein møteplass og ein folkefest.
Dyrsku’n har vakse seg stor, men Telemarkskua treff du framleis inne på Fjoset, den eldste delen av marknadsplassen.

Opningstider

Fredag og laurdag  kl. 09.00 – 20.00
Sundag                 kl. 09.00 – 18.00

Billettprisar (ikkje oppdatera 2013)
Dagsbillett:
Vaksen frå 16 år kr 140,- fredag og sundag
Vaksen frå 16 år kr 160,- laurdag
Born 6 – 15 år kr 60,- alle dagar

3-dagars billett:
Vaksen frå 16 år kr. 350,-
Born 6 – 15 år kr. 160,-

 

Handelsplass og folkefest

Stemninga på Dyrsku’n er den same som i gamle dagar. Det er fleire jordbruksmaskiner og færre hestar, men det myssande folkelivet, sveitte bakstekjerringar og ivrige handelsfolk er likedan.


Byen på bygda
Byen kjem til bygda, med alt ein kan tenke seg av varer og folk. Europeiske nyvinningar innan jordbruksmaskiner blir presenterte, ein kan velje og ein kan vrake.

 

Utandørs handel
Handelen går framleis føre seg utandørs. Om sola varmar, eller regnet ausar ned, så strøymer folk til Dyrskuplassen dei tre marknadsdagane. Rekorden er frå 2002 med 90.000 besøkande.

 

Premierte husdyr
Husdyrutstillinga har utvikla seg til å bli ei av dei største i Noreg. Her blir dyra premiert etter utsjånad og lynne. Nystrigla hestar, kyr og geitar blir leia fram til vurdering.

Underhaldning
Folkekultur og tradisjon står sterkt på Dyrsku’n. Spektakulære hesteshow, eller teateroppsetjingar med spennande tema frå lokalhistoria kan ein finne på kulturprogrammet.

 

Nasjonal husflidsutstilling
Husflidsutstillinga Dyrsku’n er den største av sitt slag i Noreg. Arbeid innan rosemåling, smiing, tekstil, sylv og tre blir utstilt og premiert. Folkekunst og folketradisjon blir både verdsett og vist fram, men også nyskaping har eigen pris.

 

Lokalmat mettar
Småskalamat har fått større og større område på Dyrsku’n. Her kan ein smake og handle geitost ysta på garden, spekeskinke av gris fora opp på eple før slakting, og nysteikte lefser rett frå varm takke. Hjå lokalmatprodusentane finn du alt du kan tenke deg av spesielle godsaker. Handle sekken full av ost, pølse, spekemat, sylte, saft, brød og sild. Dekk så tapasbordet når du kjem heim.

 

Dyrskuradio – Hjalarhornet Radio tlf. 35 05 20 05

Minibank – Hall B og Husdyrhallen

Arrangør
DYRSKU’N ARRANGEMENT AS
Nordbygdivegen 60
3840 Seljord
telefon 35 06 57 70 / telefaks 35 06 57 84
e-post: 
post@dyrskun.no  

www.facebook.com/dyrskun

 

Comments are closed.