Dyrsku`n 2012

DYRSKU’N 2012 – 14.- 16. september  – ein fargerik folkefest

 Folkefesten

Det heile starta i 1860-åra då Even Høyesen Nordgarden stilte område til disposisjon for eit fast dyrskue i Seljord.  Dei fyrste åra vart det handla mest med dyr, men etter kvart kom det andre varer til. Dyrsku’n vart snart kjent vidt omkring, og utvikla seg til å bli den største landbruks-utstillinga og handelsmessa i landet. Likevel er sjela frå den gamle marknaden tatt vare på! Årleg møtest 80 000 frå heile landet til denne store folkefesten der fortid, nåtid og framtid går hand i hand.

Opningstider:

 Fredag og laurdag  kl. 09.00 – 20.00 Sundag                 kl. 09.00 – 18.00

Billettprisar:

Dagsbillett: Vaksen frå 16 år kr 140,- fredag og sundag 

Vaksen frå 16 år kr 160,- laurdag

Born 6 – 15 år kr 60,- alle dagar

3-dagarsbillett: Vaksen frå 16 år kr. 350,-

Born 6 – 15 år kr. 160,-

 

Husdyr og landbruk

Husdyrutstillinga er framleis ryggrada i Seljordutstillinga Dyrsku’n, og er ein viktig arena for å vise fram norsk landbruk. Frå mest heile Sør-Noreg kjem utstillarar med husdyra sine. Mange ungar får sitt fyrste møte med dyr på Dyrsku’n. Å få lov til å leie ein kalv på tun mellom gamle gardsbygningar, kan bli eit minne for livet. Hesteutstillinga på Dyrsku’n har dei siste åra utvikla seg til å bli ei av dei største utstillingane i landet, og premiane derfrå heng høgt. Telemarkskyri og andre storferasar kjem i stort tal for å bli vurderte og premierte. På Dyrsku’n kan ein også finne nyaste nytt innan landbruk og skogbruk, der næringane presenterer seg sjølv, og forhandlarar av landbruksmaskiner og utstyr byr fram varer i eit breitt spekter.

Husdyrutstillinga:    Fredag – dømming av ku og geit, mønstring av ungdom og kyr, kalvemønstring    Laurdag – landsutstilling hopper    Sundag –  unghestutstiling •  Husdyrhallen – presentasjon av moderne norsk landbruk •  Bondens møteplass – presentasjon og informasjon av landbruksorganisasjonane •  Landbrukshallen – landbrukssamvirket presenterer norsk mat •  Småskalamat – sal av bl.a. foredla fisk, kjøtt, bær, urter, mjøl m.m. •  Sterke Nils-tunet – dyrehald og gardsdrift på gamalt vis •  Telemarkskogen – skogbrukets møteplass •  Salsutstillarar – landbruksmaskiner og anleggsmaskiner primært på A, B og C-området

Mattradisjonar

Kortreist mat med tradisjon og særpreg er blitt ein viktig del av Dyrsku’n. I Matkvartalet og småskalamat-teltet er møteplass for dei som vil halde seg oppdatert på kva som finst innanfor det etterkvart rikhaldige utvalet av småskalamat. Her kan ein både smake på og kjøpe det beste frå norske mattradisjonar i ny innpakning, alt frå lokalprodusert is og nypressa eplesaft til røykt sik og nye, velsmakande ostar.

 Husflid og handverk

Husflidstevlinga Dyrsku’n er den største husflidstevlinga i landet, og speglar dei rike husflidstradisjonane frå nord og sør, aust og vest. Kvart år sender dyktige handverkarar inn produkta sine innan tekstil, sylv, tre, smiing og rosemåling med von om å nå opp i konkurransen – der dei gode tradisjonane er viktig, men like viktig er nyskaping. I Sterke Nils-tunet kan ein sjå gammalt handverk demonstrert av dyktige handverkarar som fører tradisjonane vidare.

   Husflidstevlinga (Hall B) – Noregs største premierte husflidstevling • Særutstilling – hall B •  Utstilling ved V.T.Museum – Gonge-stogo •  Demonstrasjon av gammalt handverk og husflid – Sterke Nils-tunet •  Salsutstillarar – husflid og handverk primært på område H og i hall A

 Kultur og folkeliv

På Dyrsku’n kan ein oppleve spelstykke, teater, song og musikk, løglege soger og slåttespel. Tivoli, bryllaupsfest og kunstutstillingar er også med på å gjere Dyrsku’n til ein mangfaldig folkefest. Viss ein treng ein pust i bakken, har vi grøne lunger med roleg og triveleg atmosfære, der ein kan nyte ein kaffikopp ved bålet og studere det yrande folkelivet på litt fråstand. Stemninga på Dyrsku’n er vanskeleg å skildre – den må opplevast.

Spelstykke og tidsbilete – Fjoset/Sterke Nils-tunet •  Soger, dans, song og musikk – rundt om på utstillingsområdet •  Bryllaupsfest m/smiing i ”hymens lenker” – Sterke Nils-tunet   Kunstutstilling – Loftet •  Tivoli – F-feltet

Handelsmessa

Salsmessa på Dyrsku’n er ei av dei største og beste salsmessene i landet. På det 145 mål store området får 650 utstillarar høve til å vise fram produkta sine til nærare 80 000 kjøpelystne gjester. Her finn ein varer av alle slag, og særleg innan maskin og landbruk blir det knytt kontaktar og signert kontraktar for fleire millionar under dei tre Dyrsku-dagane. Interessa frå utstillarane har vore stor dei siste åra, og på langt nær alle som har søkt, har fått plass. Ein arbeider no med å utvide området slik at fleire kan delta på denne store handelsfesten.

  

Comments are closed.